8/13/2017

Siste feriestrikk på siste feriedag

Jammen vart eg hekta - på Norsk Sommer babyteppe.  Til og med lot meg freista på samstrikkgruppa på Ravelry.   Veit at det ikkje var noko konkurranse, men eg vart så reven med.  Eg er stø mot lovnaden om å gjere eit arbeid ferdig før nesta! 

  10 dager er brukt på teppet mitt i for da mesta finullgarn. Brukte ein time å felle av 1064 masker.  Men, kjempegøy feriestrikk.
           Tusen takk til Tori Seierstad for super oppskrift.   Her kunne ein følga med på kor mykje prosent ein hadde strikka.  Nokre småfeil vart det.  Men, kven ser vell dei i sommarfloraen?

                         Broderte stilkar på løvetann, så den ikkje forsvann i den grå botn.

8/07/2017

Corallina

Eg falt så for denna jakka som Rowan har gratis mønster til på sine sider.   Det var noko med fargane og det enkla med rillestrikk og raglan.
 Følgte mønsteret i maskeantall og pinnestørrelse, men ikkje i framgangsmåten.  Strikka bol, att og fram.  Armane på rundpinn med ein omg. rett og ein vrang.  I stedet for å sy samen, så strikka eg raglan med 6 masker mellom fellingane.    Det gammelrosa alpakkagarnet, var ikkje så godt å føye ilag med dei andre.  Men, då eg vaska opp for hånd, tok eg og tova litt der og la jakka til blokking etterpå.   Gjekk kjempefint og nå er eg strålande nøgd!!

 Snart slutt på ferien min, den går "knallfort"!  Var i Telemark, forrige veke.  Kosa meg på hyttetur med mann, svigerinne og svoger.   Farta litt rundt om, men vart og tid å byrje på eit teppe som heiter Norsk Sommer - babyteppe (Torirot design)  Kjøpte mønster på Ravelry.

                       No har eg strikka enda meir, det er så gøy å sjå blomar og mønsterborder vekse fram

7/24/2017

Siste sysler

Heklenål og strikkepinnar har fått fritt spelerom i late fridagar,  No etter eit vanskeleg prosjekt, har eg berre kosa meg med småting som eg vert fort ferdig med. Prøvd forskjellige oppskrifter som har lagt på vent ei stund.   Var redd eg ikkje ville gjere ferdig jakka, viss eg tok fatt på slike kosearbeid innimellom.
                 Zebrapute, strikka i dobbelt Flora frå Drops.  Litt under 200 gram er brukt.
                                           Kjekk bok å ha i eie.

                   Fant mønster på Ravelry på desse hattane til Erangi Udeshika -  går fint å googla "crochet straw sun hat" - og
                                Mandarin Grande - er brukt i denna millitærgrøne (nesten 3 nøster brukt)
 Heavy cotton frå Stoff&Stil ( 2 nøster), blanda med glittertråd i turkis.
                           Ein rest kringlefarga bomullsgarn vart til croissants med sjokoladestrø
   Her fekk eg være med til fjells.  Gubben J, fiska og eg hekla.  Det var alldeles flotte timar
                                   2 små fjellørret fekk han opp.  Capsen har eg strikka, for ei tid si.
              Kjekke retro tøfler, hekla i forskjellig restegarn.  Mønster i Inspirasjonshefte (forrige blogg)
    Dobbel Sisu er brukt, samt anna restar av sokkegarn.
 Har ikkje alt på stell i hagen, men koser meg.   Sjekk den herleg rota eg fann til fjells då!!    "Det beste i livet er gratis" --  og eg erfare at det er mykje sanning i den strofa.  
                                                          Nyt sommaren!

7/20/2017

I did it, my way...

Så er jakka montert og knappar sydd i.  Nesten 2 mnd.'s arbeid.  Eg hadde igrunn trudd da gjekk meir tid. Men, når eg fann mine forenkla løysingar på enkelte ting, så gjekk da jo fint.  Takk til  deg som har trufast heia på meg! " Gubben J" - knipsa nokre foto i solnedgong.  



 Var heime på Karmøy, her ein dagen.  Då MÅTTE eg innom handlehuset i Skudeneshavn, etter meir garn.    Det er leeenge siden eg har bevilga meg ein stor pose garn.  Filosofien var å strikka ut da meste av lager.     Stort utvalg i garn i butikken.

 Foreldra mine, var med "øyå rundt" - her var me nedom Ferkingstad hamn.  Trødde mykje her i 9-12 års alderen.  Passepike for søskenbarn.     Godt å mimra litt iblandt.
I dag har me hatt sommar i Herøysundet.  Eg har hekla koseklut - litt etter Inspirasjonsheftet- men, og litt fri fantasi 

7/17/2017

bitteliten rapport

No veks siste arm på pinnane.   Men, sjølvsagt måtte eg gå tom for garn.    Og det berre nokre meter av den stålgrå fargen.   Tok kontakt med Hillesvåg, (hifa.no)  som heldigvis kunne senda berre 50 gram av eit hespe.  Rart at porto skal være dyrare enn garnet!??  I alle fall er eg berga for å få ferdig jakka snart.

 Det er monge finesser på jakka.  Blant anna nederst både på bol og arm.  Noko har eg prøvd å forenkla, men klarer ikkje å unngå alle trådskifta.  Fester litt undervegs.

   Eg har satt glidelås i genseren min, nokre år si.  Den klødde i halsen, så difor har eg bretta ned og hekla ein kant rundt.  Mykje meir anvendleg for meg.

7/03/2017

Overmot på plass - berre armar att

No byrjar det å bli gøy!  Måtte montere og prøve på, og den sitter perfekt, - dronningjakka mi!
 Har bestilt grå metallknappar, i form av perler.   Trur det blir fint??  


Mannen min, har snekra trapp i hagen vår.  Etter ein ide eg såg i slottshage i Aberdeen for 12 år siden.
 Nyter fine dagar og at rosene blomstrer.  Gleder meg til ferie.  Snart min tur! Ellers må de ha fin sommar de som fylgjer meg her.  Takker for oppmuntrande ord i bloggen min!

6/15/2017

Kome over kneika

Ryggen er ferdig!!! Eg satte inn og strikka eit par cm til dagen, og vant meg mestringsfølelse.   Nokre timar med å hekla dei smalaste rutene og eg er klar for resten.
 Får håpe jakka blir passeleg til meg?   ---  for føler den krympe til størrelse smal. Får jaga dei tankar vekk! Reknar med at rutene vart jamnare etter vask og strekk.
 Barneteppet vart og ferdig.   Kunne vore 10-20 cm lengre,  men hadde ikkje meir cerise.  Mønsteret er ei forenkla utgave av "daisy-strikk".  Detta var kjekt å strikka!      måler 100 x 62 cm


Utover over strikking, så har eg mala møbler i da siste.   Det gamle sybordet som svigermor hadde funne på loppemarket, fekk ein ny fresk.  Marmorert folie på toppen, kvitmaling (vintage), samt bronzefarga voks, gjorde susen.   Mann min bruker det til eit databord, så berre innhaldet i skuffa er mitt -  thi hi


I kjellarstova er fleire møbler pussa opp med malingstrøk.   Lampen her i papp og er Dansk design av ein Holm.   Eg tredde heile greia nedover leselampen og vonar den metallskjermen unngår full oppheting og fyr.  Skal nok passa på.....
      Bord, hyller, småbord er mala i gråtonar.  Nei, dei gidder eg ikkje visa fram.  Dette er mest ein strikkeblogg. 

Siste feriestrikk på siste feriedag

Jammen vart eg hekta - på Norsk Sommer babyteppe.  Til og med lot meg freista på samstrikkgruppa på Ravelry.   Veit at det ikkje var noko k...